DEG å Få SKODE
=> INTRO: Åtte takter på D
VERS
Deg å få skode er sæla å nå
Gud, ver det syn som mitt hjarta vil sjå
Ver du for tanken min dyraste skatt,
ljoset som strålar ved dag og ved natt!
VERS
Ver du min visdom, mi sanning og trøyst
Tal du det levande ord med di røyst!
Far, lat meg vere barn her hjå deg
Kom til meg, Herre, ja bu du i meg!
VERS
Ver du i striden mitt skjold og mitt sverd
Ver du det merket som syner mitt verd
Livd for mi sjel, den tryggaste vakt
Lyft meg mot himlen, du makt i mi makt!
BRIDGE/TEM
Konge i æva, å lat du meg då
sigrande inn i ditt rike få gå!
Ver du mi tru, den vona eg ber
til eg får skode din herlegdom der
=> TEMA (samme akkorder, men med "åå"-ing)