Det lyser i stille grender 

Det lyser i stille grender
av tindrande ljos i kveld,
og tusunde barnehender
mot himmelen ljosi held.

Og glade med song dei helsar
sin broder i himmelhall
som kom og vart heimsens frelsar
som barn i ein vesal stall.

Han låg der med høy til pute,
og gret på si ringe seng,
med' englane song der ute
på Betlehems aude eng.

Der song dei for fyrste gongen,
ved natt over Davids by,
den evige himmelsongen
som alltid er ung og ny.